Stephen Bruton

Stephen Bruton

Fødd7. november 1948
FødestadWilmington
Død9. mai 2009 (60 år)
DødsstadLos Angeles
OpphavUSA
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapNew West Records
Verka sommusikkprodusent, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, gitarist, komponist, musikar, songtekstforfattar

Turner Stephen Bruton (7. november 19489. mai 2009) var ein amerikansk musikar.[1]

Tidleg i karrierne sin spelte han i bandet til Kris Kristofferson, og dei samarbeidde og hadde eit venskap som varte i over 40 år.

Bruton har arbeidd med artistar og musikarar som NRBQ, T Bone Burnett, Bonnie Raitt, Gene Clark, Rita Coolidge, Christine McVie, Elvis Costello, Delbert McClinton, Sonny Landreth og Carly Simon. Han har produsert album for Alejandro Escovedo, Marcia Ball, Jimmie Dale Gilmore, Hal Ketchum, Storyville, Kris Kristofferson, Chris Smither, Ray Wylie Hubbard og Hellbillies.

Frå 1993 til 2005 gav han ut fem soloalbum, i tillegg til tre stykk med The Resentments.

Bruton døydde i samband med strupekreft i Los Angeles den 9. mai 2009, 60 år gammal.[2]

  1. «Stephen Bruton dies at 60; Texas musician played with Kris Kristofferson, T Bone Burnett». Los Angeles Times. 11. mai 2009. Henta 16. oktober 2019. 
  2. «Guitarist, låtskrivar Stephen Bruton dies at 60». Usatoday30.usatoday.com. Henta 16. oktober 2019. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne