Stephen Hague | |||
Fødd | 1960 (65 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Portland i Maine i USA | ||
Fødenamn | Stephen Eric Hague | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | elektropop | ||
Verka som | Produsent |
Stephen Hague (fødd i 1960)[1] er ein amerikansk plateprodusent[2][3] som hovudsakleg var aktiv med britiske artistar i 1980-åra.
Han byrja karrieren som medlem av bandet Jules and the Polar Bears, og starta samstundes karrieren som produsent. Han byrja så å samarbeide med andre artistar, som avstikkaren frå Sparks, Gleaming Spires, Slow Children og Elliot Easton.
Hague fekk først suksess med Malcolm McLaren og singelen hans «Madam Butterfly». Han arbeidde seinare med Orchestral Manoeuvres in the Dark, Public Image Ltd., Pet Shop Boys, New Order, Melanie C, Peter Gabriel, Dubstar,[4] Erasure og Robbie Robertson, og skapte hittane «(Forever) Live and Die», «West End Girls», «True Faith», «Regret», «Chains of Love» og «A Little Respect.» Han var òg produsent for dei største hittane Siouxsie and the Banshees hadde i USA med singelen «Kiss Them for Me» i 1991.