Steve Lukather | |||
Steve Lukather,juli 2007 | |||
Fødd | 21. oktober 1957 (67 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1975 til no | ||
Sjanger | Rock, jazz og pop | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Plateselskap | Columbia Records, Mascot Records | ||
Verka som | gitarist, songar, banjospelar, musikkprodusent, låtskrivar, songar-låtskrivar, jazzmusikar, mandolinspelar, studiomusiker | ||
Gift med | Shawn Batten |
Steve «Luke» Lukather (fødd 21. oktober 1957) er ein gitarist, vokalist, låtskrivar, og produsent frå USA, mest kjend for arbeidet med gruppa Toto. Lukather har vunne fleire Grammy-prisar, og dessutan gjeve ut fleire soloalbum, og har som studiogitarist vore med på over 800 nummer-ein-album. Sjølv om arbeidet hans med Toto er basert på poprock, spenner soloarbeidet til Lukather over mange ulike sjangrar, inkludert rock, progressiv rock, jazz og funk.
Musikarane David Paich og Jeff Porcaro inviterte Lukather til å vere med på å starte det nye bandet deira, Toto, i 1976, då Lukather var 19 år. Han har sidan då vore medlem av gruppa. Grunna gitartalentet sitt og samarbeidet med Paich og Porcaro fekk han mykje arbeid som studiomusikar på 1970- og 1980-talet. I tillegg til komponistarbeid for Toto har han skrive mange songar for andre artistar. Lukather har blitt nominert til Grammy tolv gonger, og har vunne fem gonger.