Stoff

Stoff er eit mangetydig ord.

  • Materie, noko som har masse og volum (i rommet)
  • Kjemisk stoff, reint stoff eller berre stoff, førekomst av einsarta materie
    • Grunnstoff, kjemisk stoff som (normalt) ikkje lar seg bryte ned til enklare stoff
    • Kjemisk sambinding, sambinding av to eller fleire grunnstoff til eit nytt kjemisk stoff
      • Kjemisk produkt (kjemikal), kjemisk (framstilt) stoff eller stoffblanding
      • Fleire kjende eller viktige sambindingar (og kjemiske produkt) har ordet stoff som etterledd, f.eks. antistoff, arvestoff, drivstoff, eggekvitestoff, feittstoff, innsatsstoff, næringsstoff, råstoff, sprengstoff
  • (Illegalt) rusmiddel, narkotisk middel (narkotika)
  • Tøy eller klede
    • om stoffeigenskap («mjukt stoff», «godt stoff»)
    • om materiale (bomullsstoff, silkestoff)
    • om bruksområde (dresstoff, gardinstoff, kjolestoff)
  • Tilfang eller samling av bøker, som i «lesestoff», «bakgrunnsstoff»
  • Om innhald i aviser (avisstoff) eller artikkeltema i aviser o.l. (kulturstoff, idrettsstoff, lokalstoff, kommentarstoff)
  • Pensum, curriculum, (lære)plan, som i «lærestoff», «gå gjennom stoffet»

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne