Stone Poneys

Stone Poneys
OpphavLos Angeles i California i USA
Aktiv1965–1968
SjangerFolkrock, countryrock, rock
Tilknytte artistarLinda Ronstadt
PlateselskapCapitol
Tidlegare medlemmerLinda Ronstadt
Bobby Kimmel
Kenny Edwards
Shep Cooke
Kit Alderson
John Forsha
John Ware
John Keski
Herb Steiner
Bill Martin

Stone Poneys (òg The Stone Poneys og The Stone Poneys With Linda Ronstadt) var ein folkrocktrio skipa i Los Angeles og bestod av Linda Ronstadtvokal, Bobby Kimmelrytmegitar og vokal og Kenny Edwardssologitar. Platene deira inneheld den første hitten til Ronstadt, ein versjon av Mike Nesmith sin «Different Drum». Sjølv på dette tidlege stadiet, framførte Ronstadt ei eklektisk blanding av songar, ofte frå undervurderte låtskrivarar, i lag med ei rekkje gjestemusikarar.

Bandet gav ut tre album: The Stone Poneys; Evergreen, Volume 2 og Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III. Alle tre albuma kom ut på CD i 1990-åra.

Bandet spelte opphavleg visesongar på kafear i Los Angeles og hadde ein stil som ikkje var langt unna Peter, Paul and Mary.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne