Stor-Manchester | |||
grevskap | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Nordvest-England | ||
Areal | 1 276 km² | ||
Folketal | 2 573 200 (2008) | ||
Grunnlagd | 1974 | ||
Status | Seremonielt og metropolitansk grevskap | ||
![]() Stor-Manchester 53°30′09″N 2°18′36″W / 53.5025°N 2.31°W | |||
Wikimedia Commons: Greater Manchester |
Stor-Manchester (engelsk Greater Manchester) er eit metropolitansk grevskap i Nordvest-England med kring 2,5 millionar innbyggjarar. Det omfattar eit av dei største storbyområda i Storbritannia og består av bykommunane Bolton, Bury, Oldham, Rochdale, Stockport, Tameside, Trafford, Wigan og byane Manchester og Salford. Stor-Manchester vart oppretta 1. april 1974.
Stor-Manchester grensar til Cheshire i sørvest og sør, Derbyshire i søraust, West Yorkshire i nordaust, Lancashire i nord og Merseyside i vest. Stor-Manchester byområde er det tredje mest folkerike i Storbritannia og dekkjer det meste av grevskapet.
Stor-Manchester grevskapsråd vart nedlagd i 1986 og sidan den gong har bykommunane i røynda vore sameinte styresmakter. Fleire tenester vert samordna i grevskapet gjennom Association of Greater Manchester Authorities.
Før grevskapet vart skipa vart namnet SELNEC nytta om dette området. Det stod for «South East Lancashire North East Cheshire». Stor-Manchester er sett saman av 70 tidlegare lokale distrikt frå dei tidlagere administrative grevskapa Lancashire, Cheshire og West Riding of Yorkshire og åtte sjølvstendige bykommunar..[1]