Stord kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Leirvik | ||
Areal | 143,73 km² | ||
• land | 137,52 km² | ||
• vatn | 6,21 km² | ||
Folketal | 19 350 (1. januar 2025) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Sigbjørn Framnes (FrP) | ||
Kommunenr. | 4614 | ||
![]() Stord kommune 59°48′29″N 5°27′59″E / 59.808055555556°N 5.4663888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Stord | |||
Nettstad: www.stord.kommune.no |
Stord er ein bykommune som utgjer om lag halvparten av øya Stord i Vestland fylke, i Sunnhordland. Namnet «Stord» kjem frå norrønt og tyder ‘den høgreiste’. Stord har bystatus etter eit kommunestyrevedtak i 1997. Kommunesenteret heiter Leirvik, på folkemunne kalla «Vikjo». I Leirvik bur det om lag 14 000 innbyggjarar.[1] Sagvåg er nest største tettstad, med om lag 3 500 innbyggjarar.[1] Totalt er det 18 775 innbyggjarar i Stord kommune.[2] Industriverksemdene Kværner Stord, Wärtsila og Apply Leirvik sysselset kring 3000 arbeidarar. Desse bedriftene er mellom dei leiande i verda på områda sine innan leverandørindustrien.
Kommunestyret har 35 representantar. Den politiske leiinga i kommunen er etter kommunevalet i 2023, ein koalisjon mellom H, Frp, KrF og V. Sigbjørn Framnes frå Framstegspartiet er ordførar, medan Øyvind Kyvik frå Høgre er varaordførar.[3]
Stord sjukehus, Stord vidaregåande skule og Høgskulen på Vestlandet ligg i kommunen. Stord har eit stort idrettsmiljø, Stord Idrettslag sitt handballag har tidlegare spela i eliteserien, Stord Sumo Klubb har tidlegare hevda seg i Europa-toppen i sumobryting og Kjell Storelid vann OL-medaljar i skeiseløp i 1994.