Storegutprisen

Sjå òg Storegut (fleirtyding)

Storegutprisen er ein pris som vert delt ut av Litteraturdagane i Vinje.[1] Prisen vert delt ut til den eller dei som på ein positiv måte bruker levande og ledug nynorsk. Prisen har namn etter diktsamlinga Storegut (1866) av Aasmund Olavsson Vinje. Prisen vert delt ut årleg frå 2002 på Edland under litteraturdagane i Vinje i Telemark.

  1. «Storegutprisen». Litteraturdagane i Vinje. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne