Stortingsvalet 1945 var det fyrste stortingsvalet i Noreg etter andre verdskrigen, den 8. oktober 1945. Valet var ein stor siger for Arbeidarpartiet, som fekk seks nye mandat og fleirtal åleine i Stortinget, endå dei gjekk tilbake i røystetal. Einar Gerhardsen si andre regjering vart danna etter valet. Ein annan stor vinnar var Norges Kommunistiske Parti, som gjorde sitt klart beste val nokonsinne og gjekk fram frå å vera eit miniparti før krigen til å få 11 stortingsmandat. Kristeleg Folkeparti stilte for første gong til val som eit landsdekkande parti, og fekk òg eit godt resultat. Fleire parti som hadde stilt ved det siste valet, i 1936, kom ikkje tilbake denne gongen, først og fremst Samfundspartiet, Nasjonal Samling, Frisindede Folkeparti og Det Radikale Folkeparti.