Stortingsvalet 2013 var eit val i Noreg hausten 2013 der det vart vald 169 representantar til Stortinget for perioden 2013–2017. Samstundes vart Sametingsvalet 2013 arrangert. Valdagen var måndag 9. september [1], men i 206 av 428 kommunar var det òg val sundag 8. september.[2] Valresultatet vart ein solid siger for den borgarlege blokka (Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre), som fekk 96 mandat mot dei radgrønne partia sine 72 (Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti). Eit så stort fleirtal har ingen av blokkene hatt etter andre verdskrigen. Arbeidarpartiet gjorde sitt nest dårlegaste stortingsval sidan 1924, og Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti gjorde begge sine dårlegaste stortingsval nokosinne. Høgre vart vinnaren av valet med ein framgang på 18 mandat. Venstre kom over sperregrensa og fekk med det ein framgang på 7 mandat. Miljøpartiet Dei Grøne vart for første gongen representert på Stortinget med éit mandat, frå Oslo.
Etter valet varsla statsminister Jens Stoltenberg at han vil søkja avskjed for regjeringa etter framlegginga av statsbudsjettet 14. oktober 2013.[3] 3 641 753 nordmenn hadde røysterett.[4] Frammøtet var 2 848 898 eller 78,2 prosent. Mandatfordelingen frå dei 19 fylka vart endra i høve til stortingsvalet 2009 for å følgje folketalsutviklinga. Fem fylke mista eit mandat kvart, og desse vart fordelt på fire andre fylke. Oslo fekk to nye og valde i alt 19 representantar til Stortinget.
Ved valet stilte totalt 21 parti eller lister. 13 parti, av dette dei sju som var representert på Stortinget i 2009–13, stilte i alle fylke. Dei åtte andre partia/grupperingane stilte i opptil tolv fylke. Det var tre lister som fanst i berre éit fylke.[5] Som ein følgje av valeg gjekk regjeringa Stoltenberg II av og Regjeringa til Erna solberg tok over.
Ei forsøksordning med røysting over internett vart vidareført frå valet i 2011 i ein del kommunar. Ei rekkje valgobservatører følgde valet.