Straight Up Studioalbum av Badfinger | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. desember 1971 (USA) 11. februar 1972 (Storbritannia) | |
Innspelt | 30. mai–6. oktober 1971 | |
Studio | Abbey Road Studios, AIR Studios, Command Studios (all London) | |
Sjanger | Powerpop | |
Lengd | 42:11 | |
Selskap | Apple | |
Produsent | Todd Rundgren, George Harrison | |
Badfinger-kronologi | ||
---|---|---|
No Dice (1970) |
Straight Up | Ass (1973) |
Singlar frå Straight Up | ||
|
Straight Up er det tredje albumet til det britiske rockebandet Badfinger, gjeve ut i desember 1971 i USA og februar 1972 i Storbritannia. Det kom ut på The Beatles sitt Apple Records, og inneheldt hitsingelen «Day After Day» og «Baby Blue», og den populære «Name of the Game». Alle desse var skrivne av songaren og gitaristen Pete Ham. Albumet var ei endring frå den meir rockeprega stilen deira på dei to første albuma. Straight Up fekk middels kritikk då det kom ut, men mange meinte det var det beste albumet deira til då. Rolling Stone-kritikaren David Fricke har kalla det «Badfinger sitt power-pop-høgdepunkt».[10]
Det tok ni månader å få laga Straight Up med produsenten Geoff Emerick innimellom turneane deira. Då Apple valde å legge desse innspelingane på hylla tok George Harrison over produksjonen. Han vart etter kvart for oppteken med The Concert for Bangladesh og kunne ikkje halde fram. Harrison gav så prosjektet vidare til den amerikanske produsenten Todd Rundgren, som dermed vart produsent på det meste av albumet.