Ei stridsvogn, òg kalla ein tanks,[1] er i moderne tid eit beltedrive heilpansra kampkøyretøy utstyrt med kanon. Kanonen er vanlegvis montert i eit dreibart tårn og kan brukast til nedkjemping av pansra køyretøy. Som regel kan stridsvogna òg vera utstyrt med ei eller fleire mitraljøser, missil, rakett- eller rekylfrie våpen og liknande[2] til bruk mot infanteri, fly eller upansra køyretøy.
Ein kan skilja mellom lette stridsvogner (under 25 tonn), middelstunge (opptil 50 tonn), tunge (over 50 tonn) og supertung (rundt 100 tonn eller meir). I nyare tid er det blitt vanlegare å skilja mellom hovudstridsvogn (engelsk Main Battle Tank eller MBT) og lett stridsvogn.[2] Dei fleste moderne stridsvognene har eit mannskap på fire – vognkommandør, skyttar, ladar og vognførar. Somme stridsvogner, spesielt russiskproduserte vogner, er utstyrt med automatladar og har då eit mannskap på tre.
Stridsvogna vart utvikla under 1. verdskrigen, i hovudsak for å trenga gjennom piggtrådsperringar og skyttargraver. Storbritannia var den første nasjonen som nytta stridsvogner i kamp, under slaget ved Somme 15. september 1916, med ein meir vellukka bruk i slaget ved Cambrai i 1917. Tyskland utvikla stridsvogner og brukte dei i den spanske borgarkrigen og seinare i «lynkrigen» ved byrjinga av andre verdskrigen.[2] Innføringa av stridsvogna endra moderne krigføring med bruk av pansertroppar.
Den norske hæren har stridsvogner av typane Leopard 1 og Leopard 2. Tidlegare har dei brukt mellom anna amerikanske M24 Chaffee lette stridsvogner, tyske Panzer III og amerikanske M48 Patton.