Strikking

Strømpestrikking

Strikking, eller spøting, er ein handarbeidsteknikk der ein lagar plagg ved å tre rekker av garnløkker gjennom kvarandre ved hjelp av tynne pinnar, strikkepinnar. Det er òg mogleg å strikka ved hjelp av reiskapar som strikkelise eller på strikkemaskin.

Til handstrikking trengst strikkepinnar og garn. Etter først å ha lagt opp masker kan ein byrja å strikka. Den eine strikkepinnen vert brukt til å dra garnet gjennom ei maske på den andre. Den gamle maska får gli av pinnen. Slik gjer ein med kvar maske til ein har nådd enden av pinnen, der ein anten kan snu og gjera det same, eller fortsetja vidare frå den andre enden i rundstrikk. Arbeidet vert avslutta med felling og eventuelt montering.

Til dei enklaste, flate strikketøya brukar ein to pinnar. Til rundstrikk brukar ein fleire pinnar eller ein rundpinne, som er laga av ein mjuk streng med pinnar i kvar ende.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne