Strynefjellet er eit fjellområde på grensa mellom Stryn kommune i Vestland og Skjåk kommune i Innlandet. Fjellområdet strekkjer seg grovt sett frå Jostedalsbreen i sør, og til Reinheimen i nord. Meir detaljert, så strekkjer området seg mellom Breidalen i Skjåk, Skridulaupen i Skjåk, og vestover til Hjelledalen i Stryn.
Strynefjell ligg på begge sider av den gamle vinterstengde Strynefjellsvegen (Riksveg 258) gjennom Videdalen. Det høgste punktet på den gamle vegen er 1139 moh.