Sturge Island | |||
øy | |||
Sturge Island er den sørlegaste av Ballenyøyane
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Ballenyøyane | ||
Koordinatar | 67°25′S 164°44′E / 67.417°S 164.733°E | ||
Høgaste punkt | Brown Peak[1][2] | ||
• høgd | 1 705 moh. | ||
Lengd | 12 km | ||
Areal | 437,4 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Sturge Island 67°25′00″S 164°44′00″E / 67.416666666667°S 164.73333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Sturge Island |
Sturge Island er ei av tre hovudøyar i dei folketomme Ballenyøyane i Sørishavet. Ho ligg 25 km søraust for Buckle Island og 95 km nordaust for Belousov Point på det antarktiske fastlandet. Øyane vart oppdaga av John Balleny i 1839.
Øya har ei parallelogramform med lange kystar i aust og vest og kortare kystar i nordvest og søraust. Ho er kring 4 km brei og på det lengste 12 km lang mellom Cape Freeman i nord og Cape Smyth i sør.
Det høgaste punktet på øya er 1705 moh[1] eller 1524 moh[2] (den uklatra Brown Peak). Dette er det høgaste punktet i Ballenyøyane.
Øya er ein del av Ross Dependency, som New Zealand gjer krav på.