Suffragette City

Suffragette City
Singel av David Bowie
frå albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
B-side

«Stay»

Språk engelsk
Utgjeve 9. juli 1976
Innspelt Trident Studios, London, 4. februar 1972
Sjanger Glamrock
Lengd 3:25
Selskap RCA Records
2726
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Ken Scott
David Bowie-kronologi 
«Stay»
(1976)
Suffragette City «Sound and Vision»
(1977)


Wham bam thank you ma'am!

David Bowie (1972)

«Suffragette City» er ein song av David Bowie gjeven ut på The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars i 1972. Han vart seinare gjeven ut som singel i 1976 for å promotere samlealbumet Changesonebowie i Storbritannia, med den amerikanske singelutgåva av «Stay» som B-side. Singelen nådde ikkje lista.

Han vart spelt inn den 4. februar 1972[1], mot slutten av innspelinga av Ziggy Stardust og har eit pianoriff kraftig inspirert av Little Richard, ein tekstreferanse til filmen A Clockwork Orange (ordet «droogie») og den fengande pausen med tekstlinja «Wham bam thank you ma'am!», som Bowie tok frå ei Charles Mingus-innspeling.[2] Songen erstatta Chuck Berry sin «Round and Round» på albumet.[2]

Bowie og Mick Ronson såg A Clockwork Orange kort tid etter han kom i London i midten av januar 1972, og sjølv om Bowie alt hadde skrive «Suffragette City», påverka Stanley Kubrick-filmen han på denne songen, som vart skriven ferdig tidleg i februar. Filmen påverka òg biletbruken i heile Ziggy-konseptet. Bowie opna dei fleste Ziggy Stardust-konsertane sine med Moog-utgåva av Den 9. symfonien til Beethoven, medan droog-kleda til Malcolm McDowell og venene hans i filmen inspirerte scenekleda til Spiders From Mars.[2]

Før Bowie spelte inn songen sjølv, tilbaud han songen til bandet Mott the Hoople om dei unngjekk planane om å oppløyse bandet. Gruppa avslo, men spelte inn Bowie sin «All the Young Dudes» i staden for.[3]

  1. Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: p.242
  2. 2,0 2,1 2,2 Chris O’Leary. «Suffragette City». Pushing Ahead of the Dame. Henta 28. januar 2016. 
  3. Roberts, David (1998). Guinness Rockopedia (1st utg.). London: Guinness Publishing Ltd. s. 282. ISBN 0-85112-072-5. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne