Sukkertoppen

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sukkertoppen (fleirtyding).
Sukkertoppen
Pão de Açúcar
fjell
Land  Brasil
Kart
Sukkertoppen
22°56′58″S 43°09′24″W / 22.949444444444°S 43.156666666667°W / -22.949444444444; -43.156666666667
Wikimedia Commons: Sugarloaf Mountain

Sukkertoppen (portugisisk Pão de Açúcar) er ein 396 meter høg fjelltopp i Rio de Janeiro i Brasil. Fjellet har fått namn etter ein sukkertopp, kjegleforma ein tidlegare selde sukker i, fordi han har ei liknande utforming. Det er eitt av kjennemerka for Rio, og gjev også godt utsyn over byen.

Sukkertoppen ligg i utkanten av Guanabarabukta, på ei halvøy som stikk ut i Atlanterhavet. Som dei fleste oppstikkande toppane i området består han av granitt og kvarts.

Det går ein taubane til toppen frå Praia Vermelha, med ein stopp på Morro da Urca. Banen blei først bygd i 1912 med erstatningar rundt 1972/1973 og i 2008. Det finst også fleire klatreruter opp.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne