Suleiman den store | |||
![]() | |||
Sultan av Det osmanske riket | |||
Regjeringstid | 1520–1566 (46 år) | ||
---|---|---|---|
Kroning | 1520 | ||
Fullt namn | Sultan Suleiman Khan | ||
Titlar | Kalif Sultan av Sultanar Skuggen til Gud på jorda, Cæsar av alle landområda til Roma | ||
Fødd | 6. november 1494 | ||
Fødestad | Trabzon | ||
Død | 6. september 1566 | ||
Dødsstad | Szigetvár i Ungarn | ||
Gravstad | Süleymaniye-moskeen i Istanbul | ||
Føregangar | Selim I | ||
Etterfølgjar | Selim II | ||
Gift med | Hurrem Sultan, Mahidevran Sultan, Fülane Hatun, Gülfem Hatun | ||
Dynasti | Huset Osman | ||
Far | Selim I | ||
Mor | Hafsa Sultan | ||
Born | Şehzade Mustafa, Şehzade Mehmed, Mihrimah Sultan, Selim II av Det osmanske riket, Şehzade Beyazıt, Şehzade Murad, Raziye Sultan, Șehzade Cihangirs, Şehzade Abdullah, Fatma Nur, Şehzade Mahmud, Ahmed |
Suleiman I den store[a] (fødd 6. november 1494 i Trapezunt, død 6. september 1566 ved Szigetvár i Ungarn) var sultan over Det osmanske riket frå 1520 til han døydde. Under leiarskapet hans starta Det osmanske riket stordomstida si og vart ei verdsmakt. Suleiman vart rekna som ein av de fremste herskarane i Europa på 1500-talet, eit fullverdig motstykke til Karl V av Det tysk-romerske riket, Frans I av Frankrike, Henrik VIII av England og Sigismund II av Polen.
Han leidde personleg dei osmanske hærane i erobringa av Beograd, Rhodos og nesten heile Ungarn, kringsette Wien og la under seg store territorium i Nord-Afrika så langt vest som Marokko og nesten heile Midtausten. For ei kort stund fekk osmanane herredømet til sjøs i Middelhavet, Raudehavet og Persiabukta. Riket heldt fram å ekspandere i eit hundreår etter han døydde.
Innanfor riket var Suleiman kjend som ein rettvis herskar og motstandar av korrupsjon. Han verna kunstnarar og filosofar og vart rekna som ein av dei største islamske poetane i tillegg til at han var ein dyktig gullsmed. I vesten er han kjend som den store og i den muslimske verda som lovgjevaren,[b] eit kallenamn som stamma frå den fullstendige rekonstruksjonen han gjorde av det osmanske rettsystemet.[1]
I regjeringstida hans vart den kjende brua i Mostar, Stari Most, bygd.
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>
-merke vart funne