Summer of Love («Kjærleikssommaren») var eit sosialt fenomen som skjedde sommaren 1967, då sa mange som 100 000 folk samla seg i bydelen Haight-Ashbury i San Francisco og skapte eit kulturelt og politisk opprør. Sjølv om hippiar òg samla seg i New York, Los Angeles, Philadelphia, Seattle, Portland, Washington, D.C., Chicago, Montreal, Toronto, Vancouver og i Europa, var det San Francisco som var senteret for hippirevolusjonen,[1] ein smeltedigel av musikk, psykofarmaka, seksuell fridom, kunstnariske uttrykk og politikk. Summer of Love var med på å karakterisere 1960-åra, sidan hippimotrørsla vart offentleg kjende denne sommaren.[2] Denne eineståande samlinga av unge folk vert ofte rekna som eit samfunnseksperiment, på grunn av forskjellige livsstilar som vart felles, både under sjølve sommaren og i dei påfølgjande åra. Desse livsstilane omfatta å bufelleskap, fri og felles deling av ressursar, ofte mellom heilt framande, og fri kjærleik.[3]
I kontrast var sommaren 1967 òg ein av dei valdelegaste i historia i byane i USA. Dette kom av raseopptøyane som skjedde i byar som Detroit og Newark. Denne delen av sommaren 1967 vert ofte kalla «The Long, Hot Summer», «den lange, varme sommaren». Ein reknar opphavet til opptøyane til rasediskrimineringa mot afroamerikanarar og frustrasjonen og sinnet som spreidde seg hos dei svarte amerikanarane.[4][5][6]