Summertime Blues

Summertime Blues
Singel av Eddie Cochran
B-side

Love Again

Språk engelsk
Utgjeve
    • 21. juli 1958 (USA)
    • September 1958 (Storbritannia)[1]
Innspelt 28. mars 1958
Studio Gold Star Studios, Hollywood, California
Sjanger Rock and roll, rockabilly
Lengd 1:53
Selskap Liberty
Komponist Eddie Cochran, Jerry Capehart
Tekstforfattar Eddie Cochran, Jerry Capehart
Låtskrivar(ar)
Produsent Eddie Cochran
Eddie Cochran-kronologi 
«Pretty Girl»
(1958)
Summertime Blues «C'mon Everybody»
(1958)


«Summertime Blues» er ein song frå 1958 spelt inn av Eddie Cochran. Songen omhandlar vanskane ein vanleg tenåring hadde i USA på denne tida.

Songen vart skriven seint i 1950-åra av Eddie Cochran og manageren hans Jerry Capehart. Han vart opphavlege gjeven ut som ei B-side og nådde åttande plass på Billboard Hot 100 den 29. september 1958 og 18. plass på den britiske singellista. Handklappinga vart gjort av Sharon Sheeley og den djupe vokalen på slutten av kvart vers er av Cochran.

Songen vart nytta i filmen Caddyshack (1980). I mars 2005 plasserte musikkmagasinet Q songen på 77. plass over dei 100 største gitarsongane gjennom tidene. Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 73. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Delar av teksten omhandlar misnøye med valrettsalderen i USA som på denne tida var 21. Slike protestar førte til at alderen vart sett ned til 18.

  1. Strong, M. C. (1995). The Great Rock Discography. Edinburgh: Canongate Books Ltd. s. 152. ISBN 0-86241-385-0. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne