Sunday at the Village Vanguard

Sunday at the Village Vanguard
og
Walz for Debby

2 LP/CD av Bill Evans Trio
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 1961
Innspelt 25. juni 1961 på Village Vanguard, New York City
Sjanger jazz
Lengd 68:35 / 65:28 (gjeld CD-utgåvene, som inneheld fleire bonusspor)
Selskap Riverside
Produsent Orrin Keepnews
Bill Evans-kronologi 
Explorations (1960) Sunday at the Village Vanguard
og
Walz for Debby
Undercurrent (1962)


Sunday at the Village Vanguard og Waltz for Debby er to album med live-opptak frå jazzklubben Village Vanguard i New York den 25. juni 1961 med musikarane i Bill Evans Trio: Bill Evans (p), Scott LaFaro (b) og Paul Motian (tr).

Etter å ha delteke med Miles Davis på albumet Kind of Blue i mars og april 1959, var Bill Evans av den meining at det var trioforma som var best eigna til å uttrykke dei kreative ideane hans, så frå midten av året leita han etter dei rette partnarane på bass og slagverk. Evans fann dei i den unge bassisten Scott LaFaro og trommisen Paul Motian, som han var blitt kjent med nokre år før i Jerry Wald sin sekstett.

Etter litt startvanskar – LaFaro prøvde ut ein gitarliknande sound – spelte trioen inn Portrait in Jazz i oktober 1959. Utover året 1960 auka den musikalske forståinga dei imellom, frå dette året berre dokumentert gjennom bootleg-opptak frå jazzklubben Birdland. I februar 1961 spelte dei inn ExplorationsRiverside Records med Orrin Keepnews som produsent. Dette var så å seie førebuing til dei opptaka som fire og ein halv månad seinare blei høgdepunktet for trioen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne