Sunnfjord prosti

61°27′20″N 5°51′42″E / 61.45556°N 5.86167°E / 61.45556; 5.86167

Førde kyrkje frå 1885.
Foto: Eirik U. Birkeland
Kinnakyrkja er frå slutten av 1100-talet, og er den eldste bevarde kyrkja i prostiet.
Foto: Nina Aldin Thune
Vassendkyrkja vart vigsla 22. september 2002 og er den nyaste av Sunnfjord-kyrkjene.
Foto: PerPlex

Sunnfjord prosti er eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Askvoll, Fjaler, Flora, Hyllestad, Høyanger og Sunnfjord. Prosten har sete i Førde.

Ytre Sogn prosti vart lagt ned i 2013 vart Høyanger og Hyllestad overført til prostiet.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne