Super Smash Bros.

Super Smash Bros., kjend i Japan som Superfight Smash Brothers, er ein serie av slåstarspel som er utgjeve av Nintendo. Spela inneheld figurar og arenaer henta frå etablerte speleseriar frå spelesystema til Nintendo. Alle dei fem spela i serien er regissert av Masahiro Sakurai.

Spelemekanikkane i serien skil seg ut frå tradisjonelle slåstarspel i og med at målet i spela er å slå ut motstandarar ut av arenaen i staden for å tømme dei for helse.[1] Det opphavlege Super Smash Bros. kom ut i 1999 på Nintendo 64. Spelet fekk ein oppfølgjar i 2001 med Super Smash Bros. MeleeNintendo GameCube, som vart det mestseljande spelet på dette systemet. Det tredje spelet i serien, Super Smash Bros. Brawl, kom ut i 2008 på Wii. HAL Laboratory var utviklaren av dei to første spela i Super Smash Bros.-serien, men det tredje spelet vart utvikla gjennom eit samarbeid av fleire selskap. Det fjerde innslaget i serien, Super Smash Bros. for Nintendo 3DS og Wii U, kom ut i form av to spel i 2014 til Nintendo 3DS og Wii U. Utgåva til Nintendo 3DS var det første spelet i serien som kom ut på ei handhalden plattform. Det femte spelet i serien, Super Smash Bros. Ultimate, vart utgjeve 7. desember 2018 til Nintendo Switch og inneheld alle slåstkjempane som har vore med i dei tidlegare spela.

  1. «Anmeldelse: Super Smash Bros. for Wii U». Gamer.no. Henta 27. juni 2017. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne