Superstition Singel av Stevie Wonder frå albumet Talking Book | ||
B-side |
«You've Got It Bad Girl» | |
---|---|---|
Utgjeve | 24. oktober 1972 | |
Innspelt | 1972 in New York City | |
Sjanger | ||
Lengd |
| |
Selskap | Tamla | |
Tekstforfattar | Stevie Wonder | |
Låtskrivar(ar) | Stevie Wonder | |
Produsent | Stevie Wonder, Malcolm Cecil, Robert Margouleff | |
Stevie Wonder-kronologi | ||
«Keep on Running» (1972) |
Superstition | «You Are the Sunshine of My Life» (1973)
|
«Superstition» er ein song av den amerikanske songaren Stevie Wonder. Han kom ut som den første singelen frå albumet Talking Book (1972) på Tamla.[1] Teksten i songen omhandlar hovudsakleg overtru (superstition på engelsk),[2] og dei negative følgjene overtru kan føre til.
Songen gjekk til topps i USA[2] og nådde toppen av soul-lista.[3] Songen var den første førsteplassen til Wonder sidan «Signed, Sealed, Delivered, I'm Yours» og toppa Billboard Hot 100 i 1973.[4] I Storbritannia nådde singelen 11. plassen på singellista i februar 1973. I november 2004 rangerte Rolling Stone songen på 74. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.