Supertramp

Supertramp

Supertramp i 1971
Frå venstre: Roger Hodgson, Frank Farrell, Rick Davies, Kevin Currie, Dave Winthrop
AliasDaddy (1969–1970)
OpphavLondon i England
Aktiv
  • 1969–1988
  • 1996–2002
  • 2010–2011
  • 2015
Sjanger
Plateselskap
Tidlegare medlemmer* Rick Davies

Supertramp er eit engelsk rockeband skipa i London i 1969. Bandet vart skipa av Roger Hodgson (vokal, klaverinstrument, gitar) og Rick Davies (vokal, klaverinstrument) og utmerkte seg med ei blanding av progressiv rock og pop og bruk av Wurlitzer elektrisk piano og saksofon.[5][6] Besetningai gruppa har endra seg mange gonger gjennom karrieren, med Davis som det einaste medlemmet som var med heile vegen. Andre langvarige medlemmar var bassisten Dougie Thomson, trommeslagaren Bob Siebenberg og saksofonisten John Helliwell.

Bandet var i starten eit progressivt rockeband, men frå og med det tredje albumet sitt, Crime of the Century (1974) hadde dei ein meir pop-orientert stil.[5] Dei nådde det kommersielle høgdepunktet sitt i 1979 med Breakfast in America, som inneheldt dei internasjonale hitsinglane «The Logical Song», «Breakfast in America», «Goodbye Stranger» og «Take the Long Way Home». Andre hittar dei hadde var «Dreamer» (1974), «Give a Little Bit» (1977) og «It's Raining Again» (1982).

Fram til 2007 hadde Supertramp selt over 60 millionar album.[7] Dei vart særleg populære i Nord-Amerika, Europa, Sør-Afrika og Australia. Dei høgaste salstala fekk dei relativt sett i Canada, der dei fekk to diamant-plater (10x platinaplater). I 1983 slutta Hodgson i gruppa for å satse på ein solokarriere. Davies tok då over som den einaste leiaren i bandet fram til 1988, då bandet vart oppløyst. Det har sidan kome saman att i forskjellige samansetningar.

  1. Breithaupt, Don; Breithaupt, Jeff (2000), Night Moves: Pop Music in the Late '70s, St. Martin's Press, ISBN 978-0-312-19821-3 
  2. Smith, Troy L. (1. august 2016). «Rock & Roll Hall of Fame: 7 so-called snubs that shouldn't be inducted». Cleveland. 
  3. Kelly, Brian (6. november 2019). «Dreamer brings Supertramp's music to Sudbury». The Sudbury Star. 
  4. 4,0 4,1 «SUPERTRAMP biography». The Great Rock Bible. Arkivert frå originalen 5. juni 2019. Henta 9. juni 2020. 
  5. 5,0 5,1 Supertramp på Allmusic. Vitja 9. juni 2020
  6. Heatley, Michael. «Indelibly Tramped». Record Collector. Henta 8. juni 2020. 
  7. «Rare appearance». HighBeam Research. The Buffalo News. 25. mai 2007. Arkivert frå originalen 29. mars 2015. Henta 8. juni 2020. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne