Surfekultur omfattar folk, språk, mote, daglegliv, livs- og verdisyn knytt til surfing. Kulturen omfattar surfestilen og synet på sjølve surfinga, tilhøve til hav, land og andre, og meir overflatiske element som slanguttrykk og utsjånad. Surfekultur har spreidd saman med det moderne surfebrettet, som blei funne opp i sørlege California på 1940-åra, og blei i løpet av dei neste tiåra vidareutvikla over heile verda. Grunnlaget for kulturen er kjærleiken til surfing, jakta på dei store bølgjene og ønsket om det ultimate surferittet. Surfarar, som kjem frå mange ulike bakgurnnar, opplever gjerne eit generelt slektskap gjennom kjærleiken til sporten. Samstundes er lokalpatriotisme ofte ein viktig del av kulturen der inviduelle surfarar eller grupper peikar seg ut visse surfestader som sine eigne.