Surrealistic Pillow Studioalbum av Jefferson Airplane | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. februar 1967[1] | |
Innspelt | 31. oktober – 22. november 1966 | |
Studio | RCA Victor's Music Center i Hollywood i California | |
Sjanger | ||
Lengd | 34:48 | |
Selskap | RCA Victor | |
Produsent | Rick Jarrard[5] | |
Jefferson Airplane-kronologi | ||
---|---|---|
Jefferson Airplane Takes Off (1966) |
Surrealistic Pillow | After Bathing at Baxter's (1967)
|
Singlar frå Surrealistic Pillow | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Village Voice | B+[7] |
The Daily Vault | A-[8] |
Surrealistic Pillow er det andre albumet til det amerikanske psykedeliske rockebandet Jefferson Airplane, utgjeve 1. februar 1967.[1] Den opphavlege trommeslagaren Alexander 'Skip' Spence hadde gått frå bandet halvvegs i 1966 og vart erstatta av ein jazztrommis frå Los Angeles, Spencer Dryden. Den nye solovokalisten Grace Slick kom òg med i bandet i 1966. Både Slick og Dryden debuterte med bandet på plate med dette albumet og dei tilhøyrande singlane. Dette var den mest kjende besetninga av gruppa, som var stabil fram til Dryden slutta i 1970. Det er òg rekna for å vere eit av dei viktigaste albuma innan psykedelisk rock og frå motkulturen i 1960-åra.[9][10][11][12]
Albumet nådde tredjeplassen på Billboard-lista og har seld til platinaplate i USA.[13]