Svalbard

Svalbard
øygruppe
Nasjonalsong: Ja, vi elsker dette landet
Land  Noreg
Hovudstad Longyearbyen
Areal 61 022 km²
Status Del av Kongeriket Noreg med dei avgrensingar som fylgjer av Svalbardtraktaten
Folketal 2 668
Språk norsk
Sysselmeister Lars Fause
Tidssone UTC +1
Retningsnummer +47
Domene .sj – ikkje i bruk, .no vert brukt[1]
Kart
Svalbard
78°09′25″N 15°51′51″E / 78.15706°N 15.86426°E / 78.15706; 15.86426
Kart som viser Svalbard.
Kart som viser Svalbard.
Kart som viser Svalbard.
Wikimedia Commons: Svalbard

Svalbard er ei øygruppe i Nordishavet, og utgjer alle øyar, holmar og skjer mellom 74 og 81 grader nordleg breidd og 10 og 35 grader austleg lengd. Den totale storleiken er på ca 62 050 km². Dei største øyane er Spitsbergen, Nordaustlandet, Edgeøya og Bjørnøya. Etter Svalbardtraktaten (av 9. februar 1920) er Noreg tilkjent full og uinnskrenka suverenitet over Svalbard, med dei avgrensingane som fylgjer av traktaten. Etter lov av 17. juli 1925 er Svalbard ein del av Kongeriket Noreg.

  1. Toppdomenet .sj (Svalbard og Jan Mayen) i Norid.no

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne