Svartehavet er eit innhav mellom Europa og Litleasia, forbunde med Middelhavet gjennom Bosporos, Marmarahavet og Dardanellane.
Netto innstrøyming gjennom Bosporos er 200 km³ kvart år, medan ferskvatn frå dei omliggande områda, særleg frå Sentral- og Aust-Europa, er om lag 320 km³. Dei viktigaste elvane som munnar ut i Svartehavet er Donau,[1] Dnepr og Dnestr. Svartehavet har eit areal på 436 400 km²,[2] med eit maksimal djup på 2 200 meter.[3]
Land som grensar til Svartehavet er Tyrkia, Bulgaria, Romania, Ukraina, Russland og Georgia.[4] Krimhalvøya er ein ukrainsk autonom republikk.
Viktig byar langs kysten er mellom anna Istanbul, Burgas, Varna, Constanţa, Odessa, Sevastopol, Jalta, Kertsj, Novorossijsk, Sotsji, Sukhumi, Poti, Batumi, Trabzon, Samsun og Zonguldak.