Svartfuru | |
![]() Svartfuru | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av Svartfuru | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Klasse: | Pinopsida |
Orden: | Furuordenen Pinales |
Familie: | Furufamilien Pinaceae |
Slekt: | Furuslekta Pinus |
Underslekt: | Pinus |
Seksjon: | Pinus |
Art: | Svartfuru P. nigra |
Vitskapleg namn | |
Pinus nigra |
Svartfuru (Pinus nigra) er ein art i furufamilien som er utbreidd i fjella i middelhavslanda.
Treet blir 25–45 m høgt med ein stammediameter på 100–180 cm. Stammen er rett, og borken er gråbrun og skjelete. Krona er uregelmessig eggforma og glissen lengst nede, men tettare lengre oppe. Nålene er mørkegrøne og sit parvis; dei er 8–15 cm lange. Konglene blir 5–10 cm lange og er eggforma og tilspissa.
Svartfuru er ein typisk supra- eller submediterran plante. Han veks lenger mot nord, eller høgare til fjells, der temperaturen blir for låg og nedbøren for høg til at den eigentlege middelhavsvegetasjonen kan veksa. Furua trivst best 800–1500 moh., men kan veksa både lågare og høgare. Ho er ikkje kresen på jordsmonnet og veks på kalkstein, dolomitt, sur jord og vulkansk jord.
Denne arten toler luftforureining betre enn andre furuer, og er derfor mykje planta både i Europa og USA. Ho finst også planta i Noreg.