Sveitsisk geografi | ||
Verdsdel | Europa | |
Region | Sentral-Europa | |
Koordinatar | 47° N 8° E | |
Areal | Rangering 134 41293.2 km² 95.8% land 4.2% vatn | |
Kystlinje | 0 km | |
Grenser | Landegrenser: 1852 km
| |
Høgaste punkt | Monte Rosa: 4634 moh. | |
Lågaste punkt | Lago Maggiore: 193 moh. | |
Lengste elv | Rhinen: 375,5 km | |
Største innsjø | Genfersjøen (delt med Frankrike, Neuchâtelsjøen er den største heilt innanfor Sveits |
Sveits er eit fjelland omgjeve av land i Vest- og Sentral-Europa. Det er omgjeve av fem land: Austerrike og Liechtenstein i aust, Frankrike i vest, Italia i sør og Tyskland i nord. Sveits er eit av dei minste landa i Europa og strekkjer seg på det lengste 220 km frå nord til sør og 350 km frå aust til vest.[1]
Sveits er velkjent for Alpane i sør og søraust. Nord for Alpane strekkjer Det sveitsiske platået seg frå aust til vest. Dei fleste innbyggjarane i Sveits bur i åsane og slettene på dette platået. Dei mindre Jurafjella ligg nordvest for dette platået. Mykje av nordgrensa mot Tyskland følgjer Rhinen, men Rhinen går inn i Sveits nær Schaffhausen. Austgrensa med Tyskland og ein del av grensa mot Austerrike går gjennom Bodensjøen. Ein del av den sørvestlege grensa med Frankrike går gjennom Genfersjøen.
Sveits er delt inn i 26 kantonar. Kantonane langs det sveitsiske platået er som regel meir folkerike,[2] industridominert og religiøst protestantisk.[3] Kantonane i Alpane er mindre folkesette, katolske og har ein økonomi som meir er basert på jordbruk og turisme.[3]
Sveits er òg delt språkmessig. Det er fire offisielle språk i landet. 63,7 % av innbyggjarane snakkar tysk, 20,4 % snakkar fransk, 6,5 % snakkar italiensk og 0,5 % retoromansk.[4] Frå Bern og austover (utanom Ticino) snakkar innbyggjarane generelt tysk. Vest for Bern snakkar innbyggjarane hovudsakleg fransk. I den sørlege kantonen Ticino, snakkar dei fleste italiensk. Retoromansk er ei gruppe dialektar som stammar frå vulgærlatin og vert snakka i fleire regionar i kantonen Graubünden.