Svelgen | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bremanger | ||
Areal | 1,02 km² | ||
Folketal | 1 106 (2024) | ||
Folketettleik | 1 084 / km² | ||
Postnummer | 6723 SVELGEN | ||
Innbyggjarnamn | Svelgar | ||
Ferdselsårer | 614 | ||
![]() Svelgen 61°46′06″N 5°17′43″E / 61.768333333333°N 5.2952777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Svelgen |
Svelgen er ein industristad og administrasjonssenter i Bremanger kommune i Vestland fylke. Han er ein av dei tettstadene i Noreg med mest nedbør.[treng kjelde]
Svelgen er eit ganske nytt namn på området inst i Nordgulen. Tidleg på 1900-talet såg folk potensialet i bygda til industriutbygging ved hjelp av vasskraft. Industrien tok raskt til og tettstaden auka i folketal fram til byrjinga av 1980-talet med om lag 1 500 innbyggjarar, men i dag er industrien ikkje så omfattande som han ein gong var. Elkem er eigar av verket i Svelgen.
Fram til 2020 tilhøyrde tettstaden Sogn og Fjordane fylke.