Svinehjortar

Svinehjortar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Hjortedyr Cervidae
Stamme: Cervini
Slekt: Svinehjortar Axis
H. Smith, 1827

Svinehjortar (Axis) er ei biologisk slekt av hjortedyr (Cervidae) som lever i Sør- og Søraust-Asia.

Svinehjortane har kroppslengder på mellom 1,1 og 1,75 meter og skulderhøgder på 60–100 cm. Dei veg frå 27 til 110 kg.[1] Halen er relativt lang, 13 til 38 cm, og buskete med ei kvit underside. Pelsfargen til alle dyra er raudbrun. Dei har kvit strupe og underside, og i nokre høve kvite prikkar.

Hannane har gevir med opptil tre takkar. Gevira er særmerkte ved at dei bøyer seg bakover mot ryggen og deretter framover att. Dei kan ha to gaffeltakkar i enden og ein mindre takk lengre nede.

Fostertid for alle artane ligg på rundt 220–230 dagar, og dei får som regel berre ein unge.

  1. Leonard Lee Rue III: The Encyclopedia of Deer. Voyageur Press, Stillwater 2003, ISBN 0-89658-590-5

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne