Sylva | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 19 700 km² | ||
Lengd | 493 km | ||
Kjelde | Uralfjella | ||
Munning | Kama-reservoaret | ||
![]() Sylvaelva 58°06′28″N 56°38′16″E / 58.107777777778°N 56.637777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Sylva River |
Sylva (russisk Сы́лва) er ei elv i Sverdlovsk oblast og Perm kraj i Russland og ho var den største sideelva til Tsjusovaja frå venstre før Kama-reservoaret vart bygd. Elva er 493 km lang og har eit nedslagsfelt på 19 700 km².
Elva spring ut frå vestsida av Uralfjella og renn vestover. Sylva munnar ut i Kama-reservoaret. Den nedre delen av Sylva renn over karstområde.
Middelvassføringa hennar 45 km før munningen er 139 m³/s. Elva frys til i slutten av oktober eller tidleg i november og vert isfri att i andre halvdel av april.
Dei viktigaste sideelvan hennar er Vogulka, Irgina, Iren, Babka, Kisjertka frå venstre, og Barda og Sjakva frå venstre.
Langs Sylva ligg byen Kungur og landsbyen Molebka.