TVC 15 Singel av David Bowie frå albumet Station to Station | ||
B-side |
We Are the Dead | |
---|---|---|
Utgjeve | 30. april 1976 | |
Innspelt | September og november 1975 | |
Studio | Cherokee og Record Plant, Los Angeles | |
Sjanger | ||
Lengd | 5:33 (album) 3:43 (singel) | |
Selskap | RCA | |
Komponist | David Bowie | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
«Golden Years» (1976) |
TVC 15 | «Stay» (1976)
|
«TVC 15» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren David Bowie og gjeven ut i 1976 på albumet hans Station to Station.
Songen var inspirert av ein episode der Iggy Pop, under ein dopinfluert periode heime hos Bowie, hallusinerte og trudde at fjernsynet hadde ete kjærasten hans.[2] Bowie utvikla ei soge om eit holografisk fjernsyn, TVC 15. Etter at kjærasten kraup inn i fjernsynet og forsvann, ønskjer han å krype inn sjølv for å finne ho.[3]
Songen er blitt kalla «upassande munter» og «den særaste hyllesten til The Yardbirds ein kan tenkje seg».[4] Kritikaren Robert Christgau skildra songen som ei «uimotståeleg» blanding av Lou Reed, disco og Huey Smith.[5]
Han vart vald ut som den andre singelen frå albumet i Storbritannia, der han nådde 33. plassen. Då Bowie ikkje lunne spele på showet Top of the Pops for å marknadsføre singelen, vart det nytta ei bisarr tolking av dansetruppen Ruby Flipper. B-sida «We Are the Dead» var henta frå det tidlegare albumet Diamond Dogs. Songen nådde 64. plassen på Billboard-lista i USA og topp 20 i Sverige.
I Amerika vart «Stay» vald ut som den andre singelen frå albumet.