Taekwondo (태권도) er ein koreansk kampsport som har røter 2600 år attende. I dag er taekwondo ein global olympisk idrett. Namnet betyr «fot, hand, kunst». Taekwondo er meint å skulla skapa god moral og god oppførsel, ikkje valdelege haldningar.
Ein kjempar hovudsakleg med slag og spark, med mest vekt på spark. Deltakarane brukar kvite drakter, med beltefarge etter kva grad dei har.
Dei ulike taekwondo (eller på den tida: Tae Kyon) stilane vart fram til vår tid praktisert på forskjellige kampkunst-skular (kwans), og stilane tok namn etter kvar kwan.
Dei fem viktigaste:
Det er òg viktig å nemne Sang Moo Kwan, ettersom denne kwanen utvikla poomsene (kampmønster). For om lag 50 år sidan vart det heldt eit møte mellom alle kwan-leiarane, der det vart foreslått å gje stilane same namn. Namnet Taekwondo vart bestemt. Sjølv om kwanen vart 'nedlagt' er det framleis mange som brukar kwan namnet saman med Taekwondo.