Tak på ein bygning er fyrst og fremst den eller dei øvste tekkjande konstruksjonane på bygningen. Dessutan vert nemninga tak nytta i daglegtale om det som på fagspråket heiter himling, dei vil seie skiljet mellom rommet i bygningen og sjølve takkonstruksjonen, eller undersida av skilja mellom etasjane i bygningen. Til dømes vert nemninga kjøkentaket eller taket i kjøkenet nytta om himlingen i kjøkenet. Tilsvarande gjeld for andre rom, og for himlingane i dei einskilde etasjane høve til kvarandre, som taket i kjellaren, taket i fyrste etasje osb.
Det ytre taket kan ha særs ulike utformingar frå bygning til bygning, og med takflatene tekte med materialar av ulike slag for å halde dei tette mot vêr og vind, og dessutan kan hende gje eit særs staseleg inntrykk.