Taksvale | |
Taksvaler ved reir Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, public domain | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Nær truga Utbreiingsområde: hekkeområda er gule, overvintringsstadene blå | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Svalefamilien Hirundinidae |
Slekt: | Delichon |
Art: | Taksvale D. urbicum |
Vitskapleg namn | |
Delichon urbicum |
Taksvale (Delichon urbicum) er ein liten trekkfugl i svalefamilien som hekkar i Europa, Nord-Afrika og tempererte Asia, og overvintrar i Afrika sør for Sahara og i tropisk Asia. Taksvala lever av insekt fanga i flukt, og dei migrerer til klima kor det er flust med flygande insekt. Fuglen har svart hovud og svart overside med blå glans, svarte venger og hale. Den kvite overgumpen og kvite undersida er det berre taksvala som har av dei norske svaleartene. Ho finst både i opne landskap og nær menneskeleg ferdsel. Taksvala liknar to andre svaleartar i Delichon-slekta, som begge er endemiske for austlege og sørlege Asia.
Både det vitskaplege namnet og namnet på norsk vitnar om at fuglen er knytt til bruk av kunstige strukturar. Taksvala byggjer eit lukka koppforma reir av gjørmepelletar under takskjegg eller på liknande stader på bygningar, vanlegvis i koloniar, nokre gonger vert gjødsling under slike reir eit problem. Til vanleg aksepterer dei fleste menneske å ha taksvaler i nærleiken.
Ho vert jaga av lerkefalk (Falco subbuteo), og som andre fuglar er ho påverka av indre parasittar og ytre lopper og midd. Stor og spreidd populasjon gjer at ho ikkje er trua globalt.
I Noreg er taksvala mest talrik i Sør-Noreg; lengre nord finst ho meir spreidd, og manglar heilt i ytre Troms og Finnmark.[1]