Takt (frå latin tactus, 'røring') viser til rytmisk lyd eller rørsle. Ein kan til dømes snakka om å gå eller ro i takt. Omgrepet blir elles særleg mykje brukt innan musikk. Dette er avleidd frå lyrikk, der «takt» kan visa til versefot.
«Takt» eller «taktkjensle» kan elles visa til finkjensle i omgang med andre, sjå takt og tone.