Tangentinstrument er ein type musikkinstrument ein speler på med tangentar eller tastar.[1] Det kan omfatta ulike typar orgel og klaver, el-piano og elektroniske tangentfjøler og fleire ulike instrument der ein bruker tangentar til å få fram lyd frå klokker, glas- eller metallstavar. Ein finn også tastar eller tangentar på ein del handhaldne instrument som trekkspel, dreielire og nyckelharpa.