Techno er ei form for elektronisk dansemusikk (EDM)[2] som har opphav i Detroit i Michigan i USA på slutten av 1980-talet. Den fyrste registrerte bruken av ordet techno i ein referanse til ein musikksjanger var i 1988.[3][4] I dag finst det mange stilar av techno. Detroit-techno blir sett på som grunnlaget for ei rekkje undersjangrar.
↑Ifølgje Butler (2006:33) er bruk av omgrepet EDM "blitt stadig vanlegare blant fansen i dei siste åra. På 1980-talet var det vanlegaste omgrepet for EDM house-musikk, medan techno vart meir utbreitt i laupet av fyrste halvdel av 1990-talet. Når EDM har blitt meir variert, har desse omgrepa kome til å referere til bestemte sjangrar. Eit anna ord, elektronika, har vorte mykje brukt i journalistikk sidan 1997, men dei fleste fans ser på dette omgrepet med mistenksame auge og som ein marknadsføringsetikett utvikla av musikkbransjen ".