Tekstilindustrien var heilt mekanisert i etterkrigstida, og vart i større grad eit kvinneyrke. I eldre tider var dei faglærte produksjonsprosessane mannsbastionar, med røter i laugtradisjonane til mellomalderen.
Foto: Bundesarchiv
Tekstil utan industri: Heimespinning av lin i svensk heim, ca. 1920.
Foto: Peter Sjögren
Spinning jenny på museum i Wuppertal, Tyskland. Slike spinnemaskiner åttedobla produksjonen til ein arbeidar samanlikna med handspinning.Den einaste eksisterande modellen av Samuel Cromptons Spinning Mule.Eldre mekanisk vevmaskin ved tekstilmuseet i Lowell i Massachusetts.
Tekstilindustri er industriell produksjon av tråd, garn, tøy eller klede i stor skala. Tekstilindustrien har århundrelange røter som hushaldsindustri og handverk, men oppstod som maskinell produksjon i England på slutten av 1700-talet.
Tekstilindustrien er inndelt i nisjar etter produksjon og råvarebruk:
Produksjonen skjer gjennom ei verdikjede med spinneri, veveri, konfeksjonsfabrikkar (sying) og trikotasjefabrikkar (strikking).
Råvarene er naturlege materialar som bomull, ull, lin og silke, og syntetiske stoff som til dømes nylon, fleece og gore-tex. Dei syntetiske stoffa kom saman med råolje-revolusjonen tidleg på 1900-talet.
Produksjonsprosessen for tekstilar og klede går gjennom ein rekkje prosessar, og nokre blir gjentekne meir enn éin gong: vasking, karding, kjemming, toving, bleiking, farging, spinning, tvinning, veving eller strikking, og sying. I løpet av den industrielle revolusjonen vart stadig fleire av desse prosessane mekaniserte. Den utviklinga starta i 1760-åra og skaut fart med nye prosessinnovasjonar gjennom heile 1800-talet.