Tempo

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Tempo motorsyklar.

Tempo er i musikalsk terminologi eit uttrykk for snøggleiken til ein takt eller ein rytme. Sjølve ordet tempo er italiensk for tid. Tempoet i eit musikkstykke vert markert i starten av stykket. I moderne musikk nyttar ein eininga BPM, som står for «beats per minute» eller på norsk taktslag pr. minutt. Det tyder at ein spesifiserer lengda av eit taktslag og deretter kor mange av desse som skal spelast per minutt. Denne matematiske utrekninga av tempo vart populær i løpet av 1800-talet, då dei første metronomane vart laga. Desse var riktignok høgst upålitelege.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne