Tene Omarim | |||
טנא עומרים | |||
landsby | |||
Tene Omarim
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Kommune | Har Hebron | ||
Koordinatar | 31°22′31″N 34°57′25″E / 31.37528°N 34.95694°E | ||
Folketal | 645 (2011)[1] | ||
Grunnlagd | 1983 | ||
![]() Teneh Omarim 31°22′31″N 34°57′25″E / 31.375277777778°N 34.956944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Teneh Omarim |
Tene Omarim (hebraisk skrift טנא עומרים, òg kalla Tene, Omarim, eller Ma'ale Omarim) er ei israelsk busetjing og ikkje-religiøs fellesbusetnad på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg aust for Israel si sperring på Vestbreidda, 2,3 kilometer frå Den grøne linja sør i Hebron-fjellet og like nord for Meitar. Han vart grunnlagd i 1983 som ei Nahal-busetjing under namnet «Nahal Omarim» og demilitarisert i 1984. Tene har eit folketal på 645 (2011) og er underlagt Har Hebron regionale kommune.
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2] Kring 19 prosent av området som busetjinga ligg på, høyrer til private palestinarar i følgje ein Peace Now-rapport frå 2006.[3] Busetjingar på privateigd palestinsk land er ulovlege etter israelsk lov.[4]