Terry Williams | |||
Fødd | 11. januar 1948 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Swansea i Glamorgan i Wales | ||
Fødenamn | Terrence Williams | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1962–2007 | ||
Sjanger | Progressiv rock, rock, blues | ||
Instrument | trommer, vokal | ||
Tilknytte artistar | Love Sculpture, Man, Rockpile, Neverland Express, Dire Straits, | ||
Verka som | Musikar |
Terrence «Terry» Williams (fødd 11. januar 1948) er ein walisisk trommeslagar,[1] som mellom anna spelte med Dire Straits og Man.
I 1960-åra spelte Williams i fleire walisiske band, som Commancheros, The Smokeless Zone, Dream og Plum Crazy, før dei vart med i Dave Edmunds sitt band, Love Sculpture.[2] I 1970 vart han med i det walisiske rockebandet Man, med to tidlegare Dream- og Smokeless Zone-medlemmar, Deke Leonard og Martin Ace. Med Man spelte han inn sju studioalbum og tre konsertalbum. Då Man gav seg i 1976 slo Williams seg saman med Edmunds i bandet Rockpile i lag med Nick Lowe og Billy Bremner, og fortsette å arbeide med Leonard.
Mellom 1981 og 1982 var han ein del av Neverland Express, som akkompagnerte Meat Loaf, og i 1982 vart han med Dire Straits, som han spelte med til 1988 (då dei spelte inn konsertalbumet Alchemy: Dire Straits Live og Brothers in Arms). I 1996 vart han med att i Man, etter at John Weathers slutta, men han forlét Man att i 1997.
Williams dreiv ein blues-klubb i Swansea frå 2000 til 2007.