Oslo | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Viken, Oslo | ||
Kommune | Oslo, Nordre Follo, Bærum, Asker, Sørum, Rælingen, Lørenskog, Nittedal, Lier, Lillestrøm | ||
Areal | 276,25 km² | ||
Folketal | 1 082 575 (2023) | ||
Folketettleik | 3 919 / km² | ||
tettstaden Oslo 59°55′N 10°45′E / 59.91°N 10.75°E |
Tettstaden Oslo er heile det SSB-definerte området med samanhengande busetting kring Oslo. Tettstaden Oslo er ikkje identisk med Oslo kommune, byregionen eller Stor-Osloregionen. Oslo kommune er vesentleg mindre enn tettstaden og storbyregionen større.
Tettstaden strekkjer seg frå Slemmestad i Asker kommune i sørvest, til Vardeåsen i Lillestrøm kommune i nordaust, heilt ned til Langhus i Ski kommune i søraust.[1] Tettstaden Oslo har 1 082 575 innbyggjarar per 1. januar 2023.
I 2013 vart tettstadene Lommedalen, Heggedal og Nærsnes skilde ut frå Oslo tettstad.[2]