Thank God It's Christmas

Thank God It's Christmas
Singel av Queen
B-side

«Man on the Prowl»
«Keep Passing the Open Windows»

Språk engelsk
Utgjeve 26. november 1984
Innspelt 1984
Sjanger rock, julemusikk
Lengd 4:19
Selskap EMI, Capitol
Komponist Brian May, Roger Taylor
Tekstforfattar Roger Taylor
Låtskrivar(ar) Brian May og Roger Taylor
Produsent Queen, Reinhold Mack
Queen-kronologi 
«Hammer to Fall»
(1984)
Thank God It's Christmas «One Vision»
(1985)


«Thank God It's Christmas» er ein julesong av det britiske rockebandet Queen. Han vart skriven av sologitaristen Brian May og trommeslagaren Roger Taylor.

Songen vart gjeven ut på singel 26. november 1984, og han låg seks veker på den britiske singellista over jul og nyår 1984, og nådde 21. plassen på lista.[1]

Songen vart ikkje gjeven ut på eit studioalbum av Queen, og kom berre ut på Greatest Hits III, som kom i 1999, og som B-side til singelen «A Winter's Tale» frå albumet Made in Heaven i 1995. Songen vart òg gjeve ut på ein bonus-EP som følgde luksusutgåvene av albumet The Works i 2011.

Det vart ikkje laga musikkvideo til songen, og han blir derfor sjeldan spelt på fjernsyn og er derfor ein mindre kjend julesong. Songen finst på fleire samleplater med julemusikk. Ei av dei er Now That's What I Call Christmas som kom i 1985, men som vart sletta i 1989.

Den fulle 12"-versjonen finst på julesamlinga The Edge Of Christmas med ein ekstra trommeintro. Han finst òg på den amerikanske samleboksen The Queen Collection.

  1. «Chart Stats - Queen - Thank God It's Christmas». Henta 24. februar 2009. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne