Thar | |||
ørken | |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Statar | Rajasthan, Haryana, Panjab og Gujarat i India, Sindh og Panjab i Pakistan | ||
![]() Thar 26°59′04″N 71°00′06″E / 26.984444444444°N 71.001666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Thar Desert |
Thar er namnet på eit stor sandørken- og steppeområde som ligg i India og Pakistan, og dannar ei naturleg grense mellom dei to landa. Thar ligg mellom elvane Indus og Sutlej, Aravallifjella og saltsjøen Rann of Kutch. Namnet Thar er avleidd frå thul, eit lokalt namn på sanddynene i området.[1]
Thar dekkjer rundt 200 000 km²,[1] noko som gjer han til den 17. største ørkenen i verda, og den 9. største subtropiske ørkenen.[2] Størsteparten av Thar, rundt 85 %, ligg i India.[3] Ørkenen omfattar rundt tre fjerdedelar av den indiske delstaten Rajasthan. Rundt 40 % av innbyggjarane i delstaten bur i ørkenen. Han strekkjer seg også inn i Gujarat, Punjab og Haryana.[4] I Pakistan ligg han i Sind og Panjab.[1]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Britannica