The Albion Band | |||
![]() 1983-utgåva av The Albion Band på ein utandørskonsert ved Holland House i London, sommaren 1983 | |||
Alias | The Albion Dance Band og The Albion Country Band | ||
---|---|---|---|
Opphav | England | ||
Aktiv | 1971–1973, 1976–2002, 2005–2008, 2011–2014 | ||
Sjanger | Folkrock, folk | ||
Tilknytte artistar | Fairport Convention Steeleye Span Home Service Etchingham Steam Band | ||
Tidlegare medlemmer | Sjå: Bandmedlemmar |
The Albion Band, òg kjend som The Albion Country Band, The Albion Dance Band og The Albion Christmas Band, var eit britisk folkrockband, opphavleg sett saman og leia av musikaren Ashley Hutchings. Det vert generelt rekna som ei av dei viktigaste gruppene i sjangeren og medlemmane har anten vore eller hatt tilknyting til ein god del av dei engelske folkrockutøvarane gjennom den langvarige historia.
Den einaste som har vore i bandet heile vegen er bandleiaren Ashley Hutchings, som òg var med å skipe to andre særs viktige engelske folkrockgrupper, Fairport Convention og Steeleye Span, og har vore heim for dei fleste prosjekta hans i den lange og produktive karrieren hans. I 2011 let han sonen Blair Dunlop ta over leiinga i gruppa.