The Creatures | |||
Opphav | London i England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1981–2005 | ||
Sjanger | |||
Tilknytte artistar | Siouxsie and the Banshees | ||
Plateselskap | Polydor, Geffen, Sioux Records, Instinct Records, PIAS |
The Creatures var eit engelsk band skipa i 1981 av vokalisten Siouxsie Sioux og trommeslagaren Budgie, begge frå gruppa Siouxsie and the Banshees. The Creatures gav ut den første EP-en sin, Wild Things, i 1981. Dei spelte inn fire studioalbum: Feast i 1983, Boomerang i 1989, Anima Animus i 1999 og Hái! i 2003.
Med Feast spelte bandet mellom anna exotica.[1] På Boomerang la dei til ein spanskklingande stil til musikken sin med element av flamenco, blues og jazz..[2] Seint i 1990-åra utvikla dei ein meir urban stil. The Times skildra då musikken deira som «eventyrleg kunstrock bygd rundt den uvanlege røysta til Siouxie og perkusjonsbatteriet til Budgie».[3] På den siste plata si gjekk dei attende til røtene og gjekk austover, med ein ode til japansk minimalisme. Bandet vart oppløyst i 2005.
Musikken deira har blitt hylla av Jeff Buckley[4] og PJ Harvey.[5]